This article is in Norwegian
Ny strategisk satsing skal løfte norske, grøne teknologiar inn i europeisk marknad.

– Vi må rigge oss for grøn maritim eksportnæring no, fordi det skjer no. I Noreg har me mange kompetente bedrifter og forskningsmiljø som er med på å utvikla dei løysingane verda treng – og difor er det viktig at me er på ballen når det gjeld eksport, seier statssekretær Even T. Sagebakken i Nærings- og fiskeridepartementet (Ap).
Europa står midt i den største maritime omstillinga på fleire generasjonar – og norske aktørar har utvikla dei grøne løysingane som trengst. Rederi, verft, utstyrsprodusentar, teknologiselskap, tenesteleverandører, og prosjektutviklarar: mange norske bedrifter har kompetansen og referanseprosjekta som gir konkurransefortrinn.

– No er timinga god for å satse på grøne produkt og tenester. Me mobiliserer for å levere alt frå digitale komponentar og utstyr til heile energisystem, skip og skipsdesign, seier Øystein Huglen, direktør for teknologi og innovasjon i Maritime CleanTech.
Norske teknologiar først ute
Noreg har vist verda korleis ferjer og hurtigbåtar kan drivast utan utslepp. I 2015 starta verdas første elektriske ferje MF Ampere det som no er blitt ein flåte på over 100 elektriske ferjer og passasjerbåtar i drift langs kysten. Teknologiar er ferdig testa, under skalering – og etterspurt. Interessa tiltar både for ulike drivstoff-alternativ og for alle enkeltprodukt som bidrar til å redusere utslepp.
- Norske leverandørar kan tilby komplette løysingar – frå design og produksjon til drift og service – på ein måte ingen andre land kan matche når det gjeld å kutte utslepp frå skipsfarten, seier Huglen.
Europa er nøkkelen – og Noreg treng Europa
Europa investerer no over 750 milliardar euro årleg for å lykkast i den grøne omstillinga. Det er her marknaden for norske maritime bedrifter veks raskast – og me må posisjonere oss for å vere ein integrert del av dei europeiske verdikjedene.
For maritime leverandørar betyr det at vindauget for å ta grøne marknadsposisjonar har opna seg for dei som vil satse.
– Norske aktørar har både referanseprosjekta og kompetansen som trengst. Saman skal me sørge for at dei får posisjonen dei fortener, seier Huglen.
Bli med i eksportløftet
Representerer du ei norsk bedrift som ønsker å eksportera grøne produkt til nærskipsfarten i Europa?
Me samlar norske leverandørar i LinkedIn-gruppa Grønn maritim eksportindustri. Her deler me fortløpande marknadsnyheiter, kontraktsmoglegheiter og invitasjonar til aktivitetar.
I eksportsatsinga samarbeider Innovasjon Norge, Maritime CleanTech og Blue Maritime om å legge til rette for:
- Marknadsinnsikt frå prioriterte marknader Direktekontakt med kundar og partnarar i nøkkelsegment Tilbod om å delta i delegasjonar, messer og B2B-møte Synleggjering av dine løysingar gjennom Team Norway-nettverket
Meld deg inn i gruppa her og bli med på eksportløftet. Etterspørselen aukar – no er tida for å posisjonere seg.
Linkedin gruppa




