 |
|
| Maritime CleanTech West stakar ut strategien for ei bærekraftig maritim næring |
|
| (16.04.2013) MCTW har starta ein strategiprosess som skal bidra til å vidareutvikla og styrka klyngesamarbeidet. Gjennom vårt arbeid skal den maritime næringa bli meir energieffektiv og bærekraftig. I overkant av 20 deltakarar frå klynga var samla til ei todagars strategisamling på Fitjar hos Wartsila Ship Design. Sentrale aktørar som arbeider med rammevilkåra for den maritime næringa var også invitert. Viktige diskusjonar og gode innspel til vegen vidare, dannar grunnlaget for utvikling av ein felles strategisk plattform for MCTW. Les meir |
|
 |
|
| Støtte til designdrevne innovasjonsprosessar |
|
| (15.04.2013) Norsk Designråd gir gjennom Designdrevet innovasjonsprogram (DIP) økonomisk støtte til å gjennomføre idéfasen av ein innovasjonsprosess hos etablerte bedrifter og offentlege foretak. Dette programmet kan vere svært relevant for deltakarar i MCTW. Søknadsfristen til DIP er 27.mai 2013. Les meir |
|
 | | | | | MCTW søkjer nye idear og prosjekt innan maritim miljøteknologi! | | | | | (06.03.2013) MCTW ønskjer å kopla tidlegfase bedrifter med våre klyngedeltakarar som eit ledd i å få fram nye løysingar, som kan bidra til ei meir energieffektiv og bærekraftig maritim næring. Me har difor utvikla eit program som er eit tilbod til tidlegfasebedrifter som søkjer potensielle samarbeidspartnerar, kundar eller leverandørar blant deltakarane i MCTW. Les meir | | | |
 | | | Eit HAV av muligheter for jenter i maritim næring! | | | (21.02.2013) Maritimt Forum arrangerte, i samarbeid med bl.a.MCTW, for første gang i Haugesund, eit realfagleg utdanningsseminar retta mot jenter. Ei rekke kvinnelege ambassadørar for dei petromaritime verksemdene i regionen var møtt opp, og fortalde om sine utdannings- og yrkesval til jenter frå ungdomsskular og vidaregåande skular. Les meir | |
|
 | | | | | Østensjø tildelt miljøpris for Edda Ferd | | | | (20.02.2013) Østensjø Rederi var på den årlege Offshores Support Journal Awards 2013, tildelt ein prestisjetung miljøpris for nybygget Edda Ferd. PSV-fartøyet vil bli levert i oktober 2013, og er ein del av rederiet sitt "MindSet"-konsept, der det vert særleg fokusert på energioptimalisering og miljø.
Les meir | | | |
|
| [ Gå til nyhendearkiv ] |